Er omstillinga ekskluderande?
Omstilling kan ha ekskluderande effektar og slite på arbeidsmiljø og trivsel. Men slik treng det ikkje vere. Her er nokre refleksjonsspørsmål som kan avdekke uheldige konsekvensar av omstilling.
- Klarer vi å balansere verksemdas behov med arbeidstakaranes behov?
- Er omstillinga bærekraftig?
- Bryter vi den "psykologiske kontrakten"?
- Tar vi vare på tilliten i organisasjonen?
- Sørger vi for god informasjon og dialog?
- Har vi ein kultur for å feie problem under teppet?
- Involverer vi de tilsette på ein god måte?
- Har vi eit godt partssamarbeid?
- Er dei tillitsvalte og verneomboda aktive partnarar i prosessen?
- Ser leiinga på de tillitsvalte og verneomboda som ressursar?
- Blir dei tilsette omstilt, eller er det dei tilsette som omstiller seg?
- Verkar omstillinga utstøytande?
- Går nye krav ut over arbeidstakaranes evne til meistring og kjensle av kontroll?
- Sørger vi for tilstrekkelig kompetanseheving?
- Har vi mål for omstillinga som er motiverande og godt kjent i organisasjonen?