Stress
Meistring av stress er eit felles ansvar
Stress på arbeidsplassen er ikkje nødvendigvis negativt. Det viktige er at alle på arbeidsplassen saman førebygger skadeleg stress og samtidig set medarbeidarar i stand til å meistre det naturlege stresset.
Eit godt arbeidsliv er ikkje stressfritt. Tenk deg følgjande: Det er aldri noko som kjem overraskande. Du veit nøyaktig kva som skal skje, ikkje berre i dag, men fem år fram i tid. Arbeidsoppgåvene dine har etter kvart blitt rein rutine. Du får ikkje lenger utfordringar eller oppgåver som ikkje er definert ned til minste detalj. Kva er det som manglar? Det er sjølvsagt stimulans. Dei utfordringane vi møter, er også med på å gjere arbeidslivet vårt spennande.
To typar stress
Stress handlar om korleis vi reagerer på hendingar rundt oss. Det er viktig å skilje mellom to typar stress: det kortvarige, som er normalt og nyttig, og det langvarige, som er skadeleg for helsa. Det kortvarige, akutte stresset er ein naturleg reaksjon på ei hending, for eksempel eit forsinka fly eller ein frist som nærmar seg. Stresset skjerpar sansane våre og set oss i stand til å handle raskt. Sjølv om det kan være ubehageleg medan det står på, varar det berre ei kort stund. Etterpå kan kroppen slappe av igjen. Flyet lettar og rapporten blir levert før fristen.
Det langvarige stresset oppstår når situasjonar og hendingar som stressar oss ikkje forsvinn. I staden held dei fram med å gjere livet vanskeleg i veker, månader og år. Denne typen stress slit oss ut og er skadeleg. Det er det langvarige stresset vi må gjere noko med.
Stress rammar individet, men er eit felles ansvar
Alle reagerer ulikt på stressande hendingar. For eksempel kan nokre tilsette oppleve ei omstilling som veldig stressande, medan andre gler seg til å møte nye utfordringar. Det er altså kvar enkelt si oppleving av ein situasjon, ikkje berre situasjonen i seg sjølv som utløyser stressreaksjonar. Det er i dag brei semje om at stress oppstår i relasjonen mellom individ og omgivnad. Derfor er stress ei utfordring som heile arbeidsplassen må jobbe med. Organisasjonen som heilskap må være oppteken av å meistre stress og førebygge skadeleg stress.
Å meistre stress handlar om forventningar
For å takle stress og skape balanse i kroppen må det enkelte menneske tru på eigne evner og ha ei forventning om at handlingar fører til eit positivt resultat (sjå CATS-modellen nedanfor). Dette kallar vi å meistre. Menneske har ulike føresetnader for å meistre stress. Ein leiar som er oppteken av å fremje meistring har innblikk i den enkelte medarbeidarens styrker, svakheiter og potensial.
Stress er også relevant på gruppe- eller organisasjonsnivå, når fleire personar blir utsett for dei same stressfaktorane. Det gjeld for eksempel ved større endringar og når ein skal løyse nye, store oppgåver. Då er god kommunikasjon viktig. Medarbeidarane må få informasjon om forandringane og høve til å stille spørsmål og bli kvitt frustrasjon. Her spelar både den øvste leiinga og mellomleiarane ei viktig rolle: Dei skal kommunisere en positiv visjon, sikre framdrift og ta vare på medarbeidarane. Så raskt som mogleg bør den enkelte medarbeidaren få vite korleis framtida ser ut. Openheit er eit nøkkelord her.
Korleis kan vi førebygge stress?
Det er mogleg å fjerne eller redusere det som skaper stress for den enkelte. På eit overordna nivå handlar det om å legge til rette for at medarbeidarane får positive forventningar til oppgåvene og arbeidsforholda. Undersøkingar viser at vi fungerer best når desse fire faktorane er til stades:
- Kjensle av kontroll: Når vi opplever at vi har innverknad på arbeidssituasjonen, føler vi også at vi taklar stresset betre. Kontroll er ein særs viktig psykologisk faktor i menneske si oppleving av å føle seg trygge og i balanse.
- Kjensle av at arbeidssituasjonen er føreseieleg: Hendingar er rett og slett mindre stressande om vi på førehand veit at vi skal bli utsett for dei. Ved å unngå utryggleik og uvisse får den enkelte høve til å førebu ein strategi for å meistre situasjonen.
- Sosial støtte frå kollegaer og leiing: Forsking viser at sosial støtte i stressande og trugande situasjonar kan være med på å minimere stressreaksjonane i kroppen. Sosial støtte på ein arbeidsplass kan komme frå både leiarar og kollegaer, og kan være praktisk eller psykologisk.
- Kjensle av at ting går riktig veg: Kjensla av at ting går riktig veg (for eksempel i omstillingsprosessar) gir håp og tru på at ein kjem til å lukkast. Dette kan være med på å redusere stressnivået. Derfor er det viktig at verksemdas visjonar, målsettingar og avgjerder blir kommunisert på ein klar og truverdig måte og skapar ei forventning om å nå målet.
Desse fire faktorane er også typiske kjenneteikn på helsefremmande arbeidsplassar .
Fakta om stress
- Stress set i gang det autonome nervesystemet vårt og produksjonen av hormona adrenalin og kortisol. Kroppen blir sett i alarmberedskap.
- Stress skjerper sansane våre og gjer oss i stand til å handle raskt. Om vi meistrar situasjonen kan stress være prestasjonsfremjande.
- Under langvarig stress produserer kroppen store mengder adrenalin og kortisol over tid og er i konstant beredskap. Då får ikkje kroppen lov til å slappe av. Dette slit oss ut og er skadeleg. Langvarig stress kan hindre at vi merkar behovet for mat og søvn. Det påverkar evna vår til å hugse og svekker immunforsvaret. Stressperiodar som går over lang tid eller gjentar seg kan føre til depresjonar og hjarte- og karsjukdommar.
CATS – ein teori om stress
CATS-modellen (The Cognitive Activation Theory of Stress) er ein teori om korleis menneske reagerer på stress. Som det går fram av modellen heng reaksjonane våre i stor grad saman med forventningar. Hjernen vurderer stressande situasjonar med utgangspunkt i tidligare erfaringar. Hjernens forventning til kva som vil skje betyr mykje for stressresponsen. Den positive forventninga er i seg sjølv med på å senke kroppens alarmberedskap raskt. Då er det meir sannsynleg at vi meistrar situasjonen og får nye, positive erfaringar. I motsett fall har vi negative kjensler og forventningar, noko som forsterkar stresset. Då meistrar vi ikkje situasjonen, og får negative erfaringar. I begge tilfelle påverkar utfallet reaksjonen vår neste gong vi blir stressa.